Beitostølen Fjelljazz 27.-29. august.

2. september: Takk for i år! Takk for at de var med og gjorde den 8. Fjelljazzen til den beste så langt! Og takk for gode tilbakemeldingar!
Sjølv om fotokvaliteten ikkje er den beste, legg eg også i år inn ein del bilder. Værsågod!
(Eg tek svært gjerne imot bilder! Adressa er info@fjelljazz.no)  

       Det starta med konsert av Peoria Jazzband i  Lidar kyrkje.
       Etter konserten strøymde det på med gode tilbakemeldingar!
På Beitostølen starta Royal Garden Jazzband kvelden på Bergo Hotel.
Hyggeleg gjensyn for mange gla'jazzvenner. Utruleg samspelte!

      Nyskaping i år: Lunsjkonsert på Jotunstogo Kafeteria. 
      Søren Bøgeluns Trio.
      Søren Bøgelund. Han var også på den aller første Fjelljazzen.

      Store lyse Jotunstogo var glimrande lokale for lunsjkonserten. 
      Peter sin Fjelljazzlunsj (kyllingsalat) fekk MASSE skryt!
      Peoria Jazzband traff publikum, også med sin trestemte sang. 
      Regn ute, sol inne!

2 x Berit: t.v. Berit Müller som feira bursdagen med å få Jotunstogo med i Fjelljazzen, t.h. ho som i alle år har støtta og hjelpt meg.      Utekonserten måtte bli inne! RGJB med speleglede på Cafeen.

          "Utekonsertens" andre band var Skitthegga Swing.       Skitthegga slo til med to vokalistar, publikum gav stor respons.

    Beate er Skitthegga sin faste vokalist, Gunnar fekk utfordringa 
   av meg om å bli med for to år sidan. Starta i sanglære! Suverent!
      Lynn Hege Røyne Myrvang var årets utstillar. Ein dyktig og 
      kreativ handverkar med penselen.

   Ein spesialitet er å måla på porselen, gjerne etter oppdragsmotiv.      Skiferstein (gammal havbotn!) frå dei gamle skifergruvene. 
     Dette er ekte og lokale minneting! 

      Terje Dyrud, Søren  og Bjørn Svendsen avslutta på 
      Cafeen Tapasbar.
   Årets andre nyskaping: konsert i Villmarksalen laurdags kveld,  
   parallellt med Jazzdansen. Kl. 23.30 hadde Peoria ca 85 tilhøyrarar
   i si hule hand. 

Kvelden blei avslutta med ein fantastisk flott jam på Jazzdansen, 14 musikarar på scena! Eg fekk dessverre ikkje tatt bilder. Nokon som har?                                                                                     

                                                                                                       *****

Er du på Facebook? Då er det kjekt om du vil søkja opp Beitostølen Fjelljazz og bli tilhengjar!

Nedunder er eit tilbakeblikk på tidlegare Fjelljazzår, for mimring og informasjon.

                                                                                                                    Keep svingin'!     
Toralf Baldersheim

2002: Eg må starta ubeskjedent med meg sjølv ettersom eg personifiserar Fjelljazzen Har budd vel 20 år i Valdres, men på 80-talet spelte eg gitar med ein triveleg gjeng i Fusa, som ligg sør for Bergen. Atle Hovi på (dåverande) Beitostølen Høyfjellshotell inviterte oss til å spela der ei helg, pluss ha ein liten utekonsert i sentrum. Resultatet? Atle  ville at det skulle bli eit årleg innslag på Beitostølen. Eg svara ja.


Takk til Ove, Sverre, (Toralf), Harald, Einar og Jan Otto. Utan dei 
ingen Beitostølen Fjelljazz.
Bjørnefjorden Jazz Ensemble var husorkester i tre år. Håpar å sjå 
dei igjen på 10års jubileet!


2003
, første ordentlige Beitostølen Fjelljazz. Me planla å verkeleg ha fjelljazz, med utekonsert på toppen av eine skiheisen! Dårleg værmelding jaga oss innandørs, under konserten skein sola. 
Fjelljazzen gir meg mulighet til å presentera dyktige utøvarar frå Valdres. På ettermiddagskonserten ved Svingen Pub gjorde tre jenter stor lykke med sin svingande a capella, og om kvelden var den eminente trekkspelaren Tore Løvgreen gjest med Bjørnefjordgjengen på Bergo.
Frå starten av har musikarane gitt uttrykk for at dei trivest på Beitostølen.   
Fjelljazzprofilen er fjellet Bitihorn, Beitostølen sitt landemerke.
Men her er fjella sett frå vest, og ikkje den karakteristiske fasongen som du ser når du kjem kjørande oppover dalen.

Første året var fargen gull på svart, det er veteranskjorta.
Seinare er den populære t-skjorta trykt med sølv på svart.

                      
2004: Håpet for laurdagen var konsert i heistraseen og utekonsert i sentrum, men regnet førte til at masse publikum i ein overfylt Cafeen fekk med seg to gratiskonsertar, alle fire gruppene. Folk var storfornøydde då dei reiste heim, færre enn venta kom tilbake om kvelden. Me skjønte at me måtte justera opplegget. Men New Orleans-buffeten på Beitostølen Høyfjellshotell var fantastisk. Også den med musikk til!


 Valdresgjester i aksjon: Kari
 Sunnvoll si tolkning av  Visa 
 Från Utanmyra rørde 
 ved publikum. Bjørn Magne
 Nyhagen, flygelhorn.
 Eva Lunde sang ein strålande
 versjon av My Funny Valentine.
 


2005: Nytt opplegg, med intimkonsert fredag i det spesielle Lyskapellet på Beitostølen Helsesportsenter.
Gratiskonsert  + Fjelljzzkonserten på dagen laurdag, kveldane på Bergo Hotel.
Ein på alle måtar stor amerikansk pianist, til Fjelljazz pga familiens  jakt etter norske røter, fann samklang med Valdres sin eigen Bjørn Magne Nyhagen, i tillegg til at han leia ein veldig artig konsert med den unge Duo Valborg. Og klarinettalentet Felix Peikli, vikar med Cellar Jazzband, imponerte stort. Årets kunstnar Sigmund Årseth tok skisser til bilder han presenterte året etter.

 

2006: Både kvelds- og nattkonsert i Lyskapellet, men likevel måtte me dessverre avvisa folk, som året før. 
Angsten for manglande rekruttering i tradjazzmiljøet blåste bort etter å ha opplevd suverene Jazzin' Babies!
Godvær og utekonsert. Og for første gong vart laurdagen avslutta med drivande jam, leia av  Ivar Andresen i storform.



På Fjelljazzkonserten gjorde 
Sigmund Årseth eit "stunt", og måla
eit stort bilde, mens Felix Peikli og
co spelte.
Bildet auksjonerte me bort på direkten. Det gjekk for 3000 kr,
som me gav til Lyskapellet.



 

 

2007: Til tross for suksess i Lyskapellet vart det for komplisert med førehansbestilling av billettar, Derfor gjekk vi over til konsert i Lidar kyrkje, 7 km sør for Beitostølen. Fungerte veldig bra, gledelig godt frammøte av bygdafolk også. Fredagskveld på Beitostølen vart flytta til Arnolds Pub. Den vart sprengd! Lydhørt publikum på Knut Audum sitt bilde- og musikkforedrag. Fullt trøkk og nesten for mykje folk på Bergo om kvelden.





 

 

2008: Vesle vevre Sydney Ellis kom frå Tyskland med bandet sitt og tok Fjelljazzpublikummet med storm. I kyrkja, på Cafeen, og i ein knalljam til slutt.
Flott utekonsert, eg talde til ca 250 tilhøyrarar! Og fremdeles masse gode tilbakemeldingar frå musikarane.

 Det var nesten ei ærbødig stemning
 under Fjelljazzkonserten då 
 Gerhard Aspheim fortalde frå dei 
 eldste jazztider, støtta av dei andre
 veteranane i Aspheim Oldtimers.

 I eit brev 23.01.09 skriv han: "Det var veldig hyggelig å være med på Fjelljazzen, og hvis du trenger oss igjen, må du si fra."

Gerhard Aspheim la trombonen ned for godt 21.11.09.



2009:
Fjelljazzen starta med kjempekonsert i Lidar kyrkje - igjen! Endeleg var Cellar Jazzband her i "original tapning", sammen med Cecilie Schilling.  Tilbake på Bergo fredag kveld for at Fjelljazzen sitt modne publikum skulle ha betre komfort. Festivalkunstnar Grete Marit Mørk gledde mange med sitt supersalg på trykk, som ho også gav til musikarane. Og gruppa med unge musikarar imponerte stort! - med Valdres' Bjørn Magne Nyhagen som gjest på trompet under tapas-kvelden på Cafeen.


 



 

 

                                       Oppdatert 10.06.2010

Adresse / Info
Fjelljazzen Boks 46, 2940 Heggenes
Tlf: 61 34 0 680 / Mob: 92 82 36 89
E-post: her
Webansvarlig: Toralf Baldersheim