19.04.15: Amerikansk gospelartist til Fjelljazzen!

Blue Horn Jazzband (som var på Fjelljazzen i -07 og -13) hadde i 2010 besøk av gospelvokalisten Marilyn Keller. Dei hadde ei rekkje kyrkjekonsertar, og spelte inn CD’en «Together» (som kan kjøpast). På førespørsel frå Fjelljazzen tok bandet  på seg å få Marilyn til Norge igjen!
I tillegg til kyrkjekonserten vert ho også litt med på laurdagens lunsjkonsert, då har dei eit meir jazzprega repertoar. Og også på kvelden på Bergo Hotel vert ho gjest hos bandet.

Fjelljazzen er i år tilbake med tre grupper: I tillegg til Bluehorn Jazzband kjem Bourbon Street Jazzband frå Drammenskanten, pluss Ålesund Dixie. Meir info under «Musikk».
Dette bør bli ei swingande helg!

Kommentarer er stengt.