14. juli: Sydney Ellis tilbake til Fjelljazzen!

Den amerikanske artisten Sydney Ellis var den store opplevinga på Fjelljazzen i 2008. Med «classic jazz, gospel & blues» tok ho publikum med storm.
Frå sin base i Tyskland kjem ho med sitt band Midnight Preachers, og startar med kyrkjekonsert fredags kvelden.

I 2009 hadde Jan Erik Nilsen med sitt Cellar Jazzband ein herlig kyrkjekonsert, saman med vokalisten Cecilie Schilling. I fjor var han tilbake med sitt nye band Bourbon Street Jazzband. Det ga meirsmak!

Kommentarer er stengt.