Musikk

Bjørnefjorden Jazzensemble

Som det går fram under «Fjelljazzglimt», var det kameratgjengen frå Fusa kommune sør for Bergen som var opphavet
til Fjelljazzen, og som var husorkester dei tre første åra, 2003-05. 
Dei er sjølvskrivne som del av musikken på 10-års jubileet, som vert siste Fjelljazz i regi av gruppa sin tidlegare gitarist. 
Som mimring og gjensyn for trufaste publikummarar får han lov å vera med litt i år også!  Biletet er frå ein jazzpub gruppa
arrangerte heime i Eikelandsosen i fjor haust.

 

  Fotveita Bruktjazz

I fjor var dette Trondheimsbandet ukjent for bortimot alle, men overbeviste raskt. Variasjon, driv og speleglede kan stå som stikkord for det publikum opplevde. Her på Fjelljazzen var sjølvsagt tradjazzen basis i gruppa sitt musikkvalg, men dei spedde også på med låtar og rytmer frå - som dei sjølve skriv på heimesida - » .. det sydende og mangfoldige musikkmiljøet i New Orleans.» Youtubeklippa du finn på heimesida gjev ikkje eit fullverdig bilde av det gruppa presterer.

 

 

 Hot Club d’Aalesund

Herleg stringswing og akustisk swingjazz! Med accordeon i staden for violin.  Arven etter Django Reinhardt står sjølvsagt
sentralt, blanda med kjente standardlåter frå jazzens gullalder og nyare stringswingmusikk.
Franske valsar, balladar og latinlåtar er også på repertoaret.

Svein Terje Barstad - «hot» gitar, Kåre Nytun - rytmegitar, Terje Olsen - kontrabass, Magne Romestrand - accordeon
«virtuose» og vokal.
 

 
Peoria Jazzband

Det måtte bli gjenhøyr med dette flotte bandet frå Gøteborg! Dei fekk ein heilt spesiell respons hos publikum under Fjelljazzen i 2010. Og då dei gjerne ville ha eit lokalt kor med på kyrkjekonserten, var saka avgjort.
Ved å søkja etter Peoria Jazzband på youtube.com dukkar det opp ei rekkje låtar til å lytte på og korte ventetida med!

 

Valdreskoret KURVE

Vi synest at 10-års jubileet måtte ha noko ekstra - og valget fall på kyrkjekonserten. Koret KURVE blir med Peoria Jazzband i Lidar kyrkje. Dei skal ha 3-4 nummer saman, og KURVE skal også ha nokre eigne innslag. Helga før Fjelljazzen har dei vore på The Real Group Festival i Stockholm, og sett seg  på «skulebenken» på fleire workshops. Vi reknar med at dei er oppglødde og inspirerte når dei dukkar opp på Fjelljazzen!  

 

2011

Gosen Gla’Jazz.


Gruppa har 30 års jubileum til neste år, og dei fleste musikarane har vore med frå starten.  I desse åra har dei  først og fremst gleda tusener på hjuldamparen Skibladner, der dei er «husorkester». Gla’jazzarrangementa på Skibladner er ofte utselt eit år på førehand.
Gjennom åra har gruppa hatt oppimot 900 spelejobbar av ulike slag, frå Molde og Haugesund i vest til Strasbourg i sør.
Gosen Gla’Jazz består av Ole Anton Hoel, trp., Hans Petter Hveem, trb., Pål Ivar Hoelsveen, sax, Even Narum, trommer, Terje Lund, tuba, og Erik Hørthe, banjo.
Me gler oss over endeleg å ha fått Opplands beste tradband til Fjelljazzen!
Gjestevokalist er Gunnar Dieserud frå Valdres. Han var på Fjelljazzen også i fjor, som ein av vokalistane med Skitthegga Swing.

 

 
Oslo Radio-Orkester.

Ikkje blås og tradjazz, men så absolutt gla’jazz! Denne gruppa vart me oppmerksame på gjennom CD’en «Bortimot Levende Musikk», som kom i fjor. Med mesteparten av repertoaret frå 50-talet skapar dei svingande og humørfylt musikk, ikkje minst pga gruppa sine flotte vokale prestasjonar. Tre av dei byter på lead vokal, og samtlige bidreg i koring med flotte harmoniar. På Fjelljazzen er dei fredag kveld og på formiddagskonserten laurdag.
Sjå forøvrig bandet si heimeside, og konsertomtale frå Nitedalens Jazzclub

 

 

 
Fotveita Bruktjazz

Ukjent gruppe? Ja, for tradjazzmiljøet på Austlandet. Derfor er det ekstra kjekt å presentera denne gjengen frå Trondheim, som med tradisjonell besetning spelar gla’jazz slik mange likar å høyra det, og som også presterer låtar i andre stilarter. (heimeside)

 youtube.com kan du søkja etter Fotveita, og få sjå og høyra gruppa i fleire opptak frå Trondheim sitt senter for sving- og tradjazz,  Kroks Jazzcafe. (Krok -trommeslagar Bjørn Krokfoss - var på Fjelljazzen i Stokstad/Jensen Trad.band i 2004.)

Swingin’ Shoeshine Boys

Velkomne tilbake! Som heilt fersk gruppe med seks gutar i alderen 22-24 år var dei på Fjelljazzen i 2008, dengang med gjesteartist frå Valdres på trompet. No er gruppa komplett, og spelar sin dynamiske trad- og swingjazz, men også cooljazz og rythm and blues.  Bassist og vokalist Hans Erik Wagner er eit friskt innslag i gruppa, som blir leda av Anders Isachsen (banjo, gitar). Dei andre er Erlend Barrat-Due Solem (cl), Lars Hoff Henly (sax), Lasse Ellingsen (trp), Sondre Dyb Berg (p), og Knut Rand (dr).
Bilde: Stortorvets Gjæstgiveri 7. mai.

Her er gruppene som tidlegare har gleda publikum på Fjelljazzen:

2003: * Bjørnefjorden Jazzensemble (som starta det heile i 2002) var husorkester i 2003, 2004 og 2005. På Bjørnefjorden sin utekonsert var tre valdresjenter med og gjorde stor lykke med sin svingande acapellasang.
* Lousiana Jazzband og * Drammen Dixieland Band

2004: * Røshnes Jazzband, * Stokstad/Jensen Tradband, * Kjell Eriksen’s septett, * Bjørnefjorden Jazzensemble. To av 2003-trioen, Eva Lunde og Kari Sunnvoll frå Øystre Slidre, var populære gjestesolistar.

 2005: * Cellar Jazzband, med Felix Peikli som vikar på klarinett. «Ukjend», 15 år, og imponerte voldsomt.           
* Dan Knight, ein eminent amerikansk pianist som var i Norge på leit etter slekt. Han spelte saman med valdrestrompetaren Bjørn Magne Nyhagen, samt Duo Valborg, to gutar 10 og 9 år gamle på bass og fiolin. Fiolinisten Andris er yngre bror av dei suverene fiolinistane Eldbjørg og Ragnhild Hemsing. * Bjørnefjorden Jazzensemble.

2006: * Jazzin’ Babies, * Nitedalens Jazzband, * Felix Peikli/Ivar Andresen, * Intermezzo Duo med Frøydis Sagen.

2oo7: *Blue Horn Jazzband, *Norsk Linie, * Tordenskiold Jazz Five.

2008: * Aspheim Oldtimers, *Louisiana Jazzband, *Strindens Provinceorchester, *pluss den amerikanske bluesbestemora Sydney Ellis som vart publikumsyndling.

2009: *Cellar Jazzband, *Vika Band, * Swingin’ Shoeshine Boys.

2010: * Peoria Jazzband, * Royal Garden Jazzband, * Skitthegga Swing med valdresvokalist Gunnar Dieserud, og *Søren Bøgelunds Trio.

 

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne kommentere.