Årets kunstnar

2013: Opplevelsesysteri på Beitostølen.

Under gratiskonserten på Cafeen Tapasbar i fjor var det mange som nytta anledningen til å gjera seg kjende med Smak av Valdres.
Sidan den gang har gründaren Trond Wahlstøm etablert Smak av Valdres sentralt i Mathallen i Oslo, og no nyleg opna eit ysteri i sentrum av Beitostølen. (I nordre hjørne av den store parkeringsplassen.)
Det er ostane som er basis i Beito Ysteri. Men ysteriet er så mykje meir. Det er eit opplevingssenter der du kan sjå ysteriprosessen og ostelageret, handla ost og eit stort utval av lokalmat, eit minikjøkken for servering, sitteplassar både ute og inne, og har sjølvsagt alle rettigheter.

Ta ein tur innom i løpet av Fjelljazzhelga, eller når du elles er på Beitostølen!

 

2012: SMAK AV VALDRES

Kvart år har  vi gjennom salgsutstilling presentert ein lokal kunstnar, kunsthandverkar eller kunsthandverkbedrift.
I år vert det ei forandring, idet publikum på laurdagen skal kunna gjera seg kjende med det nye prosjektet «SMAK AV VALDRES».
Frå kl. 14.00 og utover gjennom utekonserten (15.30 - 17.00) vil Trond Wahlstrøm presentera og selja smaksrik kvalitetsmat frå Valdres,  bl. a. rakfisk, ost og kurv.
Nytt anledningen og bli kjend med det beste frå distriktet!

2011: Valdreskeramikken Kunsthåndverk.
To unge og velutdanna tyske kunsthandverkarar, Esther og Andrea, kom til Valdres midt på 80-talet. Etter å ha jobba for andre etablerte dei i fjor si eiga bedrift i Handelshuset på Heggenes.
Bildet viser Valdreskeramikken Kunsthåndvek (blått skilt) sett frå RV 51 (Bygdinvegen).
God parkeringsplass, store og lyse lokale.
Dei sel også frå Høvda Sylv og Tre og kunsmålar Grethe Marit Mørk, som begge har vore på Fjelljazzen tidlegare.

Produkta er håndlaga i høgbrent steintøysleire, og tåler oppvaskmaskin. Med sitt store utvalg frå nette små telyshaldarar til heile service har dei noko for dei aller fleste.
Meir info og bilder finn du her, og for dei som er på Facebook har dei eit stort utvalg av produktbilder der.


Desse vore på Beitostølen Fjelljazz:

2003:Valdres Sølvsmie og Keramikkverksted.
2004: Grete Marit Mørk.
2005: Høvda sylv og tre.
2006: Sigmund Årseth
2007: Sigmund Årseth
2008: Kristen Stavdahl
2009: Grete Marit Mørk
2010: Lynn Hege Røyne Myrvang

Ett svar til “Årets kunstnar”

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne kommentere.