Fjelljazzglimt

Frå 10-års jubileet 2012.

Dei fleste bilda har eg fått frå Trond Rogne. Stor takk! Dei er til dels «tunge» bilder, som treng nokre sekund når du klikkar på bildet for å få det større. Men ta deg tid, og kos deg med gjensyna!
 
Sidan det er siste Fjelljazzen min, blir billedglimta denne gongen litt egoprega.
 Jubileum, og Bjørnefjorden Jazzensemble, som starta det heile og var husorkester dei tre første åra, var sjølvsagt på plass.
Bassisten Harald har eg kjent i 50 år. Som pur ung i 1962 kjøpte han denne bassen, og saman med meg og ein trekkspelar var vi Ekko Trio og spelte til dans.
Harald + Jan Otto på trombone var med då gruppa vart starta i 1980. Eg var med dei på gitar i ein 5-års periode midt på 80-talet.
Ein reunion på Beitostølen i 2002 vart så opphavet til Beitostølen Fjelljazz.
 
 
  
 
 Årets variasjon frå «blåsejazzen» var Hot Club d’Aalesund. Gruppa spelte med stor variasjon, men med kjærlighet til Django Reinhardt og det franske som fundament.
 
Det er IKKJE snø på Beitostølen! Men vanskelege lysforhold for fotografen under lunsjkonserten på Jotunstogo.
 
  
 
 
 
 
Etterpå kom karane i HCd’Aa og spurte kva Fjelljazzen gjorde som greidde å få 120  til å sitja klare og venta på konsert kl 13 på ein laurdag?
 
Av rein beskjedenhet blir ikkje svaret referert her! 
 
 
 
 
Det suverene Peoria Jazzband frå Gøteborg var tilbake, og deltok på lunsjkonserten, som i 2010.
Kapellmester Sture Svarèn (banjo og gitar) var med då bandet vart starta i 1960!
 
 
 
 
 
 
 
 
Ein gjeng frå Hadeland og Toten har vore på Fjelljazzen alle 10 åra! Dei stilte i veteranskjorta, dvs t-skjorta frå første året, den hadde gullskrift. Som representantar for gjengen vart Bård og Brita tildelt ein påskjønnelse.
Også eit dansk par har styrt ferien slik at dei har vore med alle 10 åra.
 
Vi kan berre takke og bukke!
 
 
 
 
Og så vart Berit og eg overraske med blomar frå Jotunstogo og Barcraft, som takk for dei 10 åra. 
Uventa, men veldig hyggeleg!
 
 
 
 
  
 
 
 
 
 

Men årets Fjelljazz starta i ei lett overfylt Lidar kyrkje, med jubileumskonserten.

 

Peoria Jazzband var først ut.
 
 
 
 
 
 
 
Så kom valdreskoret KURVE, med sin dynamiske dirigent Gudbrand Heiene. Gudbrand dirigerer ikkje koret, han spelar på det, vart det sagt. Koret demonstrerte sin sterke rytmesans både a capella og  saman med Peoria.
 
Publikum vart fullstendig «tatt på senga»! Fantes det verkeleg eit så fantastisk kor i Valdres?
    
 
 
 
Frå Peoria sine to «kyrkje-CD’ar» hadde dirigenten plukka ut fire låtar, og fått tilsendt arrangement. Magnus Bylund, trombonist og arrangør, var heil klar på at av alle dei kora Peoria har spelt med var KURVE det beste!
 
 
 
 
 
 
 
 
Å vera arrangør i slike situasjonar er berre ei stor glede.
 
Det var berre å takka i alle retningar - og be om ekstranummer!
 
 
 
 
 
 

 

Tilslutt «gynga» golvet i ærverdige Lidar kyrkje, forøvrig eit glimrande konsertlokale. 

 
 
  
 
 
 
 
 
 
På Bergo utfolda Trondheimsbandet Fotveita Bruktjazz seg.
Dei stilte på kort varsel då det vart nødvendig å skifta ei av gruppene i programmet.
Og spelegleda var minst like stor som i fjor!
Trompetaren, som viste seg å vera høgtonespesialist, var ny av året.
 
 
 
 
 
 
Kunne ha vore eit bilete frå jazzens tidlege barndom i New Orleans. Og det ville ha passa godt for Fotveita Bruktjazz, som har teke til seg eit breiare spekter av New Orleansmusikken enn det som er vanleg for tradjazzbanda. Litt karneval, litt Mardi Gras.
Dei fekk mange fans i løpet av Fjelljazzen.
 
  
 
 
 
 
 Hunørskaparar i Fotveita!
 
Atle på klarinett gjorde ein serskilt innsats for å spela på Fjelljazzen: på jobb ein stad i USA, så eit fly før eit nytt fly over Atlanteren, på Schiphol ved Amsterdam kl 15, på Værnes lufthamn stod kona og venta med bil, direkte til Beitostølen der eg traff dei i resepsjonen nokre minutt over 22, og kl 23 stod han på scenen!!!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Fotveita Bruktjazz
 
 
 
  
 
 
 
 
 
 
Gjøvikjenta Maria bur i skiskyttarbygda Hålandsdalen i Fusa, heimkommunen til Bjørnefjorden Jazzensemble.
Ho er musikkutdanna med stemma som hovedinstrument.
 
Ho er nokså ny som vokalist i gruppa. På Fjelljazzen slapp ho seg meir og meir laus, og på slutten ville  læraren hennar, som var jazzsangerinne, vore stolt av eleven sin!
Maria fekk mengder av rosande ord, og eindel  flytta seg rundt saman med Maria for å få med seg sangen.
 
 
Eg hadde pakka opp gitaren og øvd og øvd for å våga spela med gruppa igjen - og så står dei og ler av meg?
 
Eller er det kanskje rein lettelse av at det går så nokolunde bra? 
 
 
 
 
 
 
 
Cafeen Tapasbar har - dessverre alt for ofte - vore reservearena for utekonserten. Då er det trangt i «stå-enden» av lokalet.  
Men den lune og stilige Cafeen har  også ein flott uteplass under tak, med varme, pledd, og på Fjelljazzen også høgtalar. Så folket kunne heldigvis kosa seg under «utekonserten» i år også.
 
 
 
 
 
 
 Peoria Jazzband (namnet har dei frå ein by i USA der dei er æresborgarar) spelte ikkje berre konsertar. Laurdag kveld åpna dei Jazzdansen.  Og 10-årsjubilantane Bård og Brita (midt i bildet) kosa seg på dansegolvet.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Sein laurdagsnatt og klar for siste økt på Jazzdansen.
Fjelljazzen har gått bra - igjen, og det synest på denne karen også.
Takk for meg! - og takk til alle flotte folka eg har møtt desse 10 åra, musikarar som publikum.
 
Så krysser vi fingrane for at me kan møtast til meir glad jazz på Beitostølen!
Det kjem i tilfelle som info her på fjelljazz.no utpå vårparten.
 
I ærbødighet - Toralf Baldersheim
 
 
 
 
 
 
 
EPILOG: På manddagen tok eg vekk Fjelljazzen-skiltet frå Bergo Hotel sin infopåle.
Eg har hatt gode sponsorar og medhjelparar desse 10 åra, men utan Bergo Hotel/Beitostølen Resort hadde det ikkje vore nokon Beitostølen Fjelljazz! Resorten sitt tilbud om innkvartering av musikarar pluss økonomiske støtte var det som muliggjorde Fjelljazzen.
 
Mi største takk til alle gode medhjelparar på Beitostølen!
Valdres, 26.09.2012
 
 
 
 
 
 
 
 
  
 
2011
Trykk på bilda for større versjon.
 
 
 
 Totengruppa Gosen Gla’Jazz hadde årets konsert i Lidar kyrkje. Her med valdrisen Gunnar Dieserud som gjestevokalist(Foto: Marit Beate Kasin)  
 
 
 
 
 
  
 
 
Gruppa kosa seg, det gjorde publikum også.
 
 
 
 
 
 
  

 

Fredag på Beitostølen var også Arnolds Pub i bruk, i tillegg til Bergo. Trass i skikkeleg drittvær var det eindel som våga seg ut. Swingin’ Shoeshine Boys (SSB)  med bassist og vokalist Hans Erik Wagner i spissen fekk publikum med seg.

 

 

 

 

 

 

I Jegersalen på Bergo Hotel slo Fotveita Bruktjazz til med drivande og variert musikk. I tillegg baud dei på seg sjølv med humor og engasjement. Her er trommeslagaren framme og bidrar i koringa, som skjer ved hjelp av instrumentmikrofonane.

 

 

 

 

 


 

SSB åpna den godt besøkte lunsjkonserten på Jotunstogo på laurdag, og viste eit voksent publikum at rekrutteringa innan tradjazz og swing er i dei beste hender.
(Foto: Ingvar Skattebu)

 

 

 



Oslo RADIO Orkester overraska mange med musikken sin. Den fleirstemte sangen gjekk heim! Etterpå var det rush for å sikra seg bandet sin CD. 

 

 

 

 

 

 

Ikkje berre musikken, men også ein eldre herres lune og humoristiske kommentarer gjekk heim hos publiken.

 

 

 

 

 

 

Jotunstogo kafeteria er eit flott konsertlokale. Og med vertskapet Berit og Peter sine spesialopplegg i matvegen vert det ekstra kosleg. Årets kreolske kyllingsuppe var verkeleg hot!

 

 

 

 

 

 

Værforholda gjorde at utekonserten måtte flyttast inn på Cafeen tapasbar. I tillegg til å fylla opp dei ca 60 sitteplassane var det nesten like mange ståande som fylte lokalet. Det gjekk fint, godt at bardisken på Cafeen er lang!
Gosen Gla’Jazz fekk fort opp stemninga.

 

 

 

 

Etter full innsats på uteinnekonserten slappar Forveita Bruktjazz av saman med familiemedlemmar og «festivalgeneralen» (med rødt Jazz-slips). 

Laurdags kveld hadde bandet ein suveren konsert på Jotunstogo. Ståande applaus!

 

 

 

 

 

SSB stod for musikken til kveldens tapasgjester på Cafeen.
Mange gode publikumskommentarer!

 

 

 

 

 

 

(Beklagar ekstra uskarpt bilde, men ville så gjerne ha gjengen med!)

For dei som held ut til siste slutt er avslutningsjammen eit av høgdepunkta på Fjelljazzen. I år var det SSB som var grunnstammen. Tolv musikarar på scena på ein gang! Samtlige fekk kjørt kor. Dei gav alt!

 

 

 

   

 

 

Nok eit jambilde. Tydeleg at medmusikantane er imponerte av pianisten sin kreativitet. 

 

 

 

 

 

 

 Då gjenstår det berre å takka for 2011, og ikkje minst for alle gode tilbakemeldingane frå musikarar og publikum.

I Fjelljazzhelga er mange gode medhjelparar i sving, både slike som gjennom året held Beitostølen i gang, og dei som eg har «medbrakt». Dei siste her representert ved min eigen støttande familie: Bodil, Berit, (Toralf) og Knut-Walther.

På gjensyn i 2012!

Toralf Baldersheim

 

 

 

  2010

Søren Bøgelunds trio starta formiddagskonserten på Jotunstogo kafeteria, nytt konsertlokale av året, med utsikt over Beitostølen. I 2011 vert det på laurdagen både formiddagskonsert/lunsjkonsert og kveldskonsert på Jotunstogo.

 


Været førte til at utekonserten vart innekonsert, utan at det reduserte stemninga hos publikum eller trøkk og speleglede hos Royal Garden Jazzband.

Askerbandet Skitthegga Swing hadde to vokalister, Beate Løvås Olsen og Gunnar Dieserud.
For valdrisen Gunnar, som vi hadde invitert spesielt, vart Fjelljazzen ein skikkeleg push til å prøva seg vidare. I 2011 kjem han att saman med Gosen Gla’Jazz.

2009: Jazz og tapas på Cafeen er eit populært tilbod laurdag på kvelden.

Her er det Cellar Jazzband og Cecilie Schilling som er i aksjon.
Dei starta Fjelljazzen 2009 med ein varm og flott konsert i Lidar kyrkje.

Swingin’ Shoeshine Boys er med og sikrar rekrutteringa i trad- og swingjazzen.
Anders Isachsen, banjo,  (sønn av trompeter Tormod i Louisiana Jazzband) leda gruppa som hadde ein snittalder på 22 år! T.h. Bjørn Magne Nyhagen, gjestesolist frå Valdres. SSB er tilbake med fullt trøkk i 2011.

 
2008: Prinsippet med å også engasjera grupper som er ukjende for ein god del av publikum viste seg nok ein gang å vera riktig. Strindens Provinceorchester vart på alle måtar eit flott bekjentskap. Her på scenen i trivelige Arnolds Pub, som blir teken i bruk igjen i 2011.
 
Også i 2008 fekk vi bra vær til utekonserten. Det er nesten det koslegaste med Fjelljazzen; når tilreisande, hyttefolk og fastbuande i dalen møtest og deler ei god oppleving med swingande musikk!

 
Som bilete er det dårleg, men det minner om ein aldeles herleg avslutningsjam, der vesle store Sydney Ellis (t.h.) strålte nok ein gang, med komp og fulle blåserekker frå Strindens og Louisiana Jazzband. Tidlegare på kvelden hadde ho teke publikum med storm på Cafeen tapasbar.


2007: Vi hadde den første konserten i Lidar kyrkje, og Bluehorn Jazzband frå Møre, med vokalist Margrete, viste at dette var noko vi skulle satsa vidare på.

 
I nokre år hadde vi Fjelljazzkonsert laurdag ettermiddag på Bergo Hotel. Her er det Tordenskiolds Jazz Five med kornettist Knut Audum, som spelte, viste bilder og fortalde jazzhistorie.

Året etter var det Gerhard Aspheim med sine Oldtimers som formidla tidleg jazzhistorie.

 
Jazzdans på Bergo.
Norsk Linie som står på scena. I tillegg til flott og humørfylt musikk var dei stilige i antrekk  frå 30-talet, som dei hadde fått tak i ved hjelp av Margrethe Holt og «Det fikser P1″!

 
2006: Dette var andre året vi hadde konsert fredag kveld i det spesielle og vakre Lyskapellet. Fullt både på kvelds- og nattkonserten.

Intermezzo Duo frå Ålesund, med Frøydis Sagen som gjest, gav publikum ei nydeleg oppleving.

Under Fjelljazzkonserten måla årets kunstnar, Sigmund Årseth, eit stort bilete, som vart auksjonert bort. Eit imponerande stunt, som han seinare måtte gjenta i andre fora.

Klarinettalentet Felix Peikli, som var på Fjelljazzen andre år på rad, var med og musiserte mens bilete vart laga.

For første gong avslutta vi med jam. Og slik det svinga!
Veteranen Ivar Andresen (ved pianoet) tok styringa, og kjørte ein seksjon med Vegas-jazz a la Louis Prima. Her er det I’m Just A Gigolo med Kristoffer Kompen og Erik Eilertsen frå Jazzin’ Babies som koristar. Suverent!


2005: Dette er blitt Fjelljazzens signaturbilete, som vi brukte på brosjyra første gong 2006.

Biletkunstnaren Sigmund Årseth tok skisser i 2005. Frontperson her er Tore Mørch i Cellar Jazzband, han har ein spesiell måte å halda trombonen på.

Biletet tilhøyrer Bergo Hotel, og heng i resepsjonen.

 
Andris Hemsing, 9 år gamal, var halvparten av Duo Valborg.
Akkompagnert av m.a. pianisten Dan Knight skapte dei ein artig  konsert med nokre av jazzens svisker.
Andris, som er yngre bror av dei to berømte fiolinsøstrene Ragnhild og Eldbjørg, er no ein mangesidig felespelar og fiolinist, og studerer også jazzfiolin.

 
Den bokstaveleg tala store amerikanske pianisten Dan Knight kom til Fjelljazzen fordi han var i Norge saman med familie og oppsøkte norske røter. Eit på alle måtar sympatisk bekjentskap.

Purunge Felix Peikli (ved vinduet) imponerte alle som vikar i Cellar Jazzband. Trompetaren i blåserekka (nærast) var også vikar: Petter Falch, ein av tradjazzens verkelege veteranar.

 
Bjørnefjorden Jazzensemble, kameratgjengen frå Vestlandet som etter ei «prøvehelg»  i 2002 kan takkast for at Fjelljazzen vart ein realitet, hadde i 2005 med vokalisten Synnøve Austestad. Venstre del av gruppa vart motiv for maleriet under.


F.v.: Synnøve Austestad, Toralf Baldersheim og Harald Bjørndal, drivkrafta i Bjørnefjorden Jazzensemble, som forhåpentleg er tilbake til 10-årsjubileet i 2012.
Det blir også det siste året for Beitostølen Fjelljazz slik vi kjenner den.

Biletet var eit av mange Sigmund Årseth stilte ut året etter, fleire med motiv frå Fjelljazzen 2005.

 
2004: Ein våt laurdag førte Fjelljazzen inn på Cafeen, som debuterte som reserveplass for utekonserten.
Folk både sat og sto tett, og storkosa seg.

Her er det Røshnes Jazzband som begeistrer sitt publikum.

 
Stokstad/Jensen Jazzband: ei flott samling med norsk jazzhistorie.

Det var kanskje denne gruppa som først tok uttrykket gladjazz aktivt i bruk.
Bjørn Krokfoss, avslappa bak trommene, driv fortsatt sin berømte Krok’s Jazzcafe i Trondheim.

 2003: Fjelljazzen starta med base på dåverande Beitostølen Høyfjellshotell.
Her er det musikervenner frå Drammen Dixielandband og Louisiana Jazzband som møtest.

Seinare vart hotellet ombygds til leilighetshotel, og inneheld no også det fantastiske Trollenes Kongerike over tre etasjar, som med sin detaljrikdom nesten gir større glede til vaksne enn til barn.

 
Lousiana Jazzband under vår første «utekonsert». Den skulle eigentleg vera oppe på toppen av skiheisane, men vart - med eindel forviklingar - flytta inn pga dårlege værutsikter.
Under konserten skein sola ….
Tormod Isachsen (trp) og Jan Kristiansen (bass) opna Fjelljazzen offisielt med ein duett. Dei to hadde starta New Orleans Workshop i 1972. Dessutan budde Tormod i Valdresgata!


Loftsbaren på Beitostølen Høyfjellshotell var saman med Jegersalen på Bergo Hotel lokale dei første åra.

Her er Bjørnefjorden Jazzensemble i pent antrekk fredagen.
Laurdagskvelden spelte dei pluss gjester i Jegersalen. Då kokte det i lokalet! Eit flott minne for gruppa, som fekk det festa på video.

2002: Tilslutt gjengen frå Fusa som starta det heile: f.v. Ove (trp), Sverre (piano), Toralf (gitar), Harald (bass), Einar (trommer) og Jan Otto (trb).

Via Toralf ,som hadde budd i Valdres sidan 1989, inviterte direktør Atle Hovi i 2002 til ein reunion for gruppa på Beitostølen Høyfjellshotell.
Etter å ha slite eit uhorveleg tungt piano på plass vart det også utekonsert ved Svingen Pub.
Helga gav meirsmak for Atle og Toralf, og resten er historie …..

Gosen Gla'Jazz i Lidar kyrkje med valdrisen Gunnar Dieserud som gjestevokalist. (Foto: Marit Beate Kasin)

Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne kommentere.